
Velkomen til Haukanes Fjordhytter
Haukanes Fjordhytter ligg vakkert til på Varaldsøy i Hardangerfjorden.
Varaldsøy
– perla i Hardangerfjorden
Varaldsøy vert kalla perla i Hardangerfjorden og er ei skildring øya ber med rette.
Ein sumardag på øya når alt står i blom er ei oppleving. Frå det høgaste fjellet på øya, Varden 600 moh, kan du nyte utsikta mot det som kanskje er Noregs vakraste natur, spesielt Folgefonna og dei mektige Kvinnheradsfjella som reiser seg i søraust. Hans E. Kinck sa det slik frå toppen av øya: «Det er her frå Hardanger er vakraste anten ein vender augo innetter eller utetter».
Kalkrike bergartar har gitt øya ein unik og spennande flora, her veks sjeldne planter som ikkje er vanlege så langt mot nord. Til dømes finn me blåveis. Her finn ein og Nord-Europas eldste og største barlind. Det er merka tursti til barlinda.
Området
Gjuvslandslia – landskapsvernområde
Er eit 199 dekar stort område som ligg vakkert til på austsida av øya mellom Gjuvsland og Åkre. Landskapsvernområdet strekker seg frå Hardangerfjorden og opp til 197 meters høgd. Verneområdet vart oppretta ved kongeleg resolusjon i 2000, med bakgrunn i at vi her finn eitt av landets aller viktigaste område for barlind. Ein reknar med at det veks mellom 1000 og 1500 tre av denne arten her, som har status som sårbar på den norske raudlista. Store deler av området er kulturmark, og vart i 2008 vald som utvald kulturlandskap for Hordaland. Ei utbreidd plante på heile Varaldsøy er kublomen, som og er fylkesblom i Hordaland. Her finn ein og nasjonalblomen bergfrue. Her er gamle slåttemarker med mange vakre og sjeldne blomar og planter.
På øya er det geologiske mangfaldet stort, berggrunnen inneheld store mengder grønskifer og det var i dette skiferlaget ein fann rike førekomstar av svovelkis og koparkis. Det vart på slutten av 1800 talet utvunne over 160000 tonn svovelkis- det meste med handkraft.
Det er merka tursti til dei nedlagte svovelkisgruvene på Valaheiane, dette er ein lett og spennande tur for heile familien. Her finn ein murar og restar etter det gamle gruvesamfunnet.
Ferjevågen badeplass
Dette friområdet finn du på søraustsida av øya, ei langrunn sandstrand omgitt av fine svaberg. Dette er kanskje ein av dei flottaste og mest barnevenlege badeplassane i heile Hardangerfjorden.
Varaldsøy kyrkje
I 1885 stod den kvitmalte trekyrkja ferdig. Den ligg vakkert til midt i bygda, og er den største kyrkja i Kvinnherad.
Varaldsøy idrettslag
Varaldsøy idrettslag har kanoar som kan leigast.
«Det er her frå Hardanger er vakraste anten ein vender augo innetter eller utetter.»
— Hans E. Kinck om Varden på Varaldsøy